Det var ein kraftig kollisjon front mot front som skjedde på E134 i Skjoldavik tysdag 20. juni.
Arkivfoto: Torstein Nymoen
Det var ein kraftig kollisjon front mot front som skjedde på E134 i Skjoldavik tysdag 20. juni. Arkivfoto: Torstein Nymoen

Døydde etter ulukke

Ein mann i slutten på 70-åra, som var involvert i ei front mot front-ulukke på E134 i Skjold, døydde sundag.

Tysdag 20. juni small det like aust for Skjoldaviktunnelen, då to bilar kolliderte front mot front. Eit eldre ektepar i 70-åra, busett i Vindafjord, blei hardt skadd i ulukka og kona blei frakta med luftambulanse til Universitetssjukehuset i Stavanger med kritiske skadar. Ektemannen blei køyrt til Haugesund sjukehus i ambulanse der han døydde sundag. Onsdag frigav politiet namnet. Den omkome er Lars Malvin Hustveit (79), busett i Ølen.

Lensmann Ingvar Gjærde kunne tysdag ikkje stadfesta om dødsfallet er ei følgje av skadane han pådrog seg i ulukka,

— Mannen skal obduserast onsdag, seier lensmannen.

Han kan heller ikkje seie meir rundt omstenda for ulukka, då ulukkesgruppa til Statens vegvesen førebels ikkje er ferdige med rapporten.

Kona i ulukkesbilen er framleis på sjukehus i Stavanger, og det har ikkje vore mogleg for politiet å ta avhøyr av henne enno.

— Me kan ikkje seia noko meir på dette tidspunktet, uttalar Gjærde.