Fekk bruksforbod

To sjåførar fekk køyreforbod då Statens vegvesen onsdag gjennomførte ein kontroll av tungbilar ved E134 på Favnebø i Ølensvåg. Dei fekk køyra vidare etter å ha fjerna montert ting i siktsona og ei rattkule. I tillegg blei det gitt to gebyr for mangel på bombrikke og vognkort. — Elles ein flott kontroll og mykje bra lastebilar på vegen, rapporterer vegvesenet sine folk etter å ha sjekka 17 vogntog.