Naudetatane på plass i Skånevik nær der personen blei funnen i sjøen.
Foto: Liv Astrid H. Hesjedal
Naudetatane på plass i Skånevik nær der personen blei funnen i sjøen. Foto: Liv Astrid H. Hesjedal

Frigitt namn på omkomne

Politiet har frigitt namnet på omkomne i Skånevik. Den omkomne er Kjell Johnsen (63), som var busett i bygda.

Politiet meldte onsdag kveld om funn av ein livlaus person i fjorden i Skånevik. Naudetatane kom til staden, men livet stod ikkje til å reddast. Den omkomne er Kjell Johnsen (63), som er busett i bygda.

Etterforsker saka

63-åringen var godt kjent i bygda og han pleide å sitje å fiske ved kaia.

– Pårørande er kontakta, og politiet har oppretta undersøking. Me veit ikkje enda heilt kva som har skjedd, eller grunnen til at han drukna. Foreløpig er det ingenting som tydar på at det kan ha skjedd noko kriminelt, seier Håkon Toresen ved Sør-Vest politidisktrikt avd. Haugesund.

Han visar til at obduksjon er begjært og at dei ventar sakkyndig svar på kva som kan ha skjedd.

Forsøkte gjenoppliving

Det var like etter kl. 20.30 at politiet meldte på twitter at naudetatane var på veg til staden, etter melding om ein livlaus person i vatnet.

— Politiet er ikkje kome fram til staden, men det lokale brannvesenet har fått personen på land og driv nå med gjenopplivning, opplyste då operasjonsleder Tore Frøyland-Jensen i Sør-Vest politidistrikt.

Eit Sea King redningshelikopter frå Sola vart også rekvirert til Skånevik.

Hendinga skal ha skjedd i nærleiken av Krambua som ligg like ved ferjeleiet i Skånevik. Redningshelikopteret var framme rundt kl 21.00 og like etter var også politi og brannvesen på staden.

Klokka 21.30 meldte politiet at gjenoppliving var avslutta, og at ein mann i 60-åra er erklært død.

– Politiet jobbar med å finna ut kva som har skjedd, meldte operasjonssentralen onsdag kveld.