Guide på to museum
Sæbøtunet er ope for fullt igjen etter omfattande restaurering, og opplever god tilflyt av folk. På Nerheimstunet er det ein del tregare, vedgår guide Øystein Silde Frønsdal.
Frønsdal er guide på begge museums-tuna, i høvesvis Etne og Ølen, og vekslar mellom å vere på den eine eller andre staden annakvar dag i sommar. Mandagar er det stengt begge stader, medan Sæbøtunet har ope 11-16 onsdagar, fredagar og søndagar, og Nerheimstunet same klokkeslett tirsdag, torsdag og laurdag. Sommarsesongen varar til og med helga 12.-13. August.
Mindre synleg
— Nerheimstunet ligg ikkje like ideelt plassert som Sæbøtunet, det er ein viktig faktor, fortel Frønsdal.