Stig Hatteland er ny konsernsjef i Hatteland gruppen, gründerverksemda som faren Jakob Hatteland grunnla på 70-talet. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Hatteland inn i Sauda-bedrift

Hatteland-konsernet kjøper seg opp i saudsabaserte Inosa AS og blir med sine 38,9 prosent nest største eigar i selskapet.

Inosa AS blei etablert i 2006 som eit resultat av knopskyting frå smelteverket Eramet Sauda. Selskapet leverer programvare for kvalitet, HMS, forbetringsarbeid og tenester knytt til dette. Produkta bygger på lean-prinsipp med forenkling, visualisering og standardisering som viktige prinsipp. Inosa har jobba mykje med å forstå kva som kan bidra til læring i organisasjonar.

Hatteland kom inn på eigarsida i 2010 med ein liten post på 2,4 prosent. Bedrifta som omset for i underkant av ti millionar, har ti tilsette fordelt på Sauda, Haugesund og Kristiansund, og har hatt jamn vekst sidan starten.

Kundane er både norske og internasjonale, og ein av dei er verds største aluminiumsverk i Qatar.

Konsernsjef i Hatteland Gruppen, Stig Hatteland har tru på bedrifta og ser muligheiter for synergiar.

— Me kjenner godt til Inosa, og dei har stadfesta at dei er ein gründer med eit godt produkt og eit stort potensiale. Då sjansen for å kjøpa oss opp kom, var det naturleg å nytta dette høvet, uttaler Hatteland i ei pressemelding.

Han legg til at tankegangen og produkta til Inosa fell også med mykje saman med det som ligg i Hatteland sin filosofi, med vekt på at brukaren er i fokus og verktøya skal vera enkle å forstå og bruka.

— Inosa har også ein del interessante kundar som overlappar med mange kundar me alt har og kjem til å gå for framover. Den kanskje største utfordringa til selskapet har vore kapasitet til å nå ut til ein enda større marknad, seier Hatteland.