Det var i dette området mannen blei funnen livlaus i sjøen.
Foto: Liv Astrid H. Hesjedal
Det var i dette området mannen blei funnen livlaus i sjøen. Foto: Liv Astrid H. HesjedalBilde 1 av 4
Redningshelikopter kom til Skånevik rundt kl 21.00
Foto: Liv Asrid H. Hesjedal
Redningshelikopter kom til Skånevik rundt kl 21.00 Foto: Liv Asrid H. HesjedalBilde 2 av 4
Politiet sjekkar kaiområdet i samband med drukningsulykka.
Politiet sjekkar kaiområdet i samband med drukningsulykka.Bilde 3 av 4
Naudetatane på plass i Skånevik nær der personen blei funnen i sjøen.
Foto: Liv Astrid H. Hesjedal
Naudetatane på plass i Skånevik nær der personen blei funnen i sjøen. Foto: Liv Astrid H. HesjedalBilde 4 av 4

Mann erklært død

Ein person fall onsdag kveld i sjøen ved kaien i Skånevik.

Politiet melder onsdag kveld om funn av ein livlaus person i fjorden i Skånevik. Naudetatane er på veg til staden. Eit Sea King redningshelikopter er rekvirert frå Sola og er på veg til Skånevik, opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund like etter kl 20.30.

— Politiet er ikkje kome fram til staden, men det lokale brannvesenet har fått personen på land og driv nå med gjenopplivning, opplyser operasjonsleder Tore Frøyland-Jensen i Sør-Vest politidistrikt til BT.

Hendinga skal ha skjedd i nærleiken av Krambua som ligg like ved ferjeleiet i Skånevik. Redningshelikopteret var framme rundt kl 21.00 og like etter var også politi og brannvesen på staden.

Siste frå politiet, like etter kl. 21.30:

Gjenoppliving er avslutta. Mann i 60-åra er erklært død. Politiet jobbar med å finna ut kva som har skjedd.