Bård Olav S. Medhus (i grønt) frå Røldal IL sprang inn på imponerande 24,15 minutt under årets Hestanipen Opp 509, og gav herreklassen god konkurranse. Foto: Sirianne Vikestad
Bård Olav S. Medhus (i grønt) frå Røldal IL sprang inn på imponerande 24,15 minutt under årets Hestanipen Opp 509, og gav herreklassen god konkurranse. Foto: Sirianne Vikestad

Motbakkeeliten deltok

Hestanipen Opp 509 tiltrekte seg eliten i motbakkeløp og konkurransen var hard i dei tunge bakkane på laurdag. Maryna Novik vann dameklassen, medan nr. 2 i Norgescupen cruisa inn som nr. 1 i Vikedal.

Opphaldsvêr er ikkje kvardagskost på Vestlandet, så underlaget opp Hestanipen på laurdag var utfordrande for dei 58 aktive deltakarane under motbakkeløpet.

Maryna Novik frå Vikedal var på heimebane og pusta Marie Vikeså, frå Ny Von IL, godt i nakken ei stund, før ho sette inn støtet og vann med tre sekund forsprang på mållinja med tida 26,54.

Erling Hisdal frå Oslo-klubben Tjalve, hadde også full kontroll opp dei bratte partia og sprang roleg inn på tida 21.37. Minuttet framføre Ketil Monssen frå Bergen løpeklubb. Begge knivar om toppsjiktet i Norgescupen i motbakkeløp.

Ungdommen imponerte

Bård Olav S. Medhus frå Røldal IL imponerte med tida 24,15 og kniva mot den eldre garde i dei tunge bakkane. Det vart personleg rekord for 15-åringen.

Like imponerande løp gjorde niåringane Elias Dybing (30,54) og Torben Djuve Søfting (31,31) frå Sauda. Dei gav sine vaksne konkurrentar frå Sauda noko å tenke på til neste løp, for jamvel om beina er korte, så viste gutane at det bur mykje energi og futt i dei.

Les meir om motbakkeløpet i torsdagens papiravis.