Einar Arefjord (47) frå Skånevik tok over leiarstillinga i Etne E-lag for ein månad sidan etter at tidlegare leiar Bjarne Sævareid (63) hadde ynskje om å trappa ned og gjekk over til å vera fagansvarleg for fiber og nett. Arefjord har hatt Etne E-lag som fast arbeidsplass dei siste to åra som avdelingsleiar nett og har opp gjennom åra vore både sjølvstendig næringsdrivande og arbeidsleiar i SØK.
— Eg starta i Skånevik Ølen Kraftlag som ung før eg tok utdanning innan elektro og blei lærling i Sunnhordland Elektro der eg seinare jobba fram til 2002 då eg og bror min starta eige firma. I 2009 kom eg til SØK og fekk mellom anna ansvar for drift- og vedlikehald før eg kom til Etne E-lag for to år sidan. Eg fekk god opplæring og erfaring i SØK. Men det er mykje å setja seg inn i som leiar og heldigvis vil Bjarne Sævareid bli med oss ei tid vidare. Han har vore ein fantastisk leiar, seier den nye sjefen som går spanande tider i møte.
— Det skjer mykje i el-verks bransjen og me må vera villige til å omstilla oss. Kva som skjer i framtida er det opp til eigarane å bestemma, seier Arefjord.