Omega har vore gjennom tøffe tider, men hardt arbeid og sikring av nye avtalar har gitt resultat. Igjen har Ølensvåg-bedrifta 1.000 tilsette på verdsbasis. 
Foto: Ellen Marie Hagevik
Omega har vore gjennom tøffe tider, men hardt arbeid og sikring av nye avtalar har gitt resultat. Igjen har Ølensvåg-bedrifta 1.000 tilsette på verdsbasis. Foto: Ellen Marie Hagevik

Omega passerte tusen

Omega har igjen meir enn 1tusen tilsette på oppdrag i heile verda.

— Det har vore tøffe tider, men me har jobba hardt for å behalde konsulentane våre og samtidig sikre oss nye avtalar. Dette arbeidet har nå gitt resultat, seier dagleg leiar i Omega prosjektpersonell, Anders Lunde, i ei pressemelding.

Verksemda i Ølensvåg har som andre bedrifter i olje- og gassnæringa vore gjennom ei utfordrande tid. Dette ser nå ut til å endre seg.

Frå 287 konsulentar på oppdrag i januar i år, har Omega i dag 409 konsulentar på jobb for kundar innan både olje- og gass, samt bygg- og anlegg.

Kombinasjonen av det sterke kompetansemiljøet vårt og eit høgare aktivitetsnivå, har ført til at me nå ser denne gode utviklinga. Talet vil alltid svinge i takt med marknaden, men tusentalet er verdt å feire kvar gong, seier Lunde.