Vel ti år etter at Ole Strømø og Morten Helland realiserte Etne senter, er dei to gründerane i ferd med å selja sine seksjonar.
Berg Eigedom Haugaland AS i Haugesund som blir kontrollert av Arne Berg (88), har inngått intensjonsavtale om kjøp av deira seksjonar, som utgjer 75 prosent av Etne senter.
— Det er på tide at nye krefter får muligheita til å utvikla senteret vidare, seier sentergründerane i ei pressemelding som blei sendt ut måndag.
Handelen trer i kraft 1. oktober og gjeld tre seksjonar av senteret. Eigarskiftet vil ikkje medføra endringar for leigetakarane som framleis skal driva butikkane sine i senteret som i dag.
— Det har vore fleire interessentar, og me er veldig glade for at det er Berg Eiendom som nå vil vidareføra våre delar av senteret, seier Helland og Strømø vidare i presemeldinga.
Dei karakteriserer Berg Eiendom som ein profesjonell aktør med lang erfaring som i dag eig fleire andre næringseigedommar på Haugalandet. Selskapet eig i dag tolv næringsbygg på Haugalandet, med alt frå offentlege leigetakarar som politi, legevakt og brannstasjon til handel, industri, store og små kontor.
Vil utvikla senteret
Ole Ben Pedersen i Berg Eiendom AS seier selskapet ser eit stort utviklingspotensial i Etne senter.
— Me overtar eit veldrive senter, og ønskjer å driva det vidare i same ånd som før. Me ser også på fleire muligheiter for å kunna vidareutvikla senteret i åra som kjem, uttaler Pedersen.
Etne senter hadde ei samla omsetning for rundt 202 millionar kroner og har sidan starten hatt ei jamn og god utvikling. Fjorårets handel var om lag det doble frå det første heile driftsåret.
Strømø og Helland etablerte Etne Senter i 2007 og eig seksjonar som utgjer 75 prosent av kjøpesenteret gjennom selskapa Etne Eiendom 2 AS, Etne Eiendom 3 AS og Etne Eiendom 8 AS.
— Etter ti år føler me det er på tide å sleppa til andre som ser nye muligheiter for å utvikla senteret vidare. Når Berg Eiendom overtar våre seksjonar, er me sikre på at senteret får solide og trygge eigarar som både har musklar og vilje til å løfte senteret enda eit hakk vidare, seier dei to i pressemeldinga.