Fyrsteinntaket til vidaregåande skular i Rogaland er nå klart, melder Rogaland fylke.
Over 18.700 elevar har fått tilbod i 1. fellesinntak til videregående skule for skuleåret 2017/2018. Dette er drygt 100 fleire enn i fjor.
Høge karakterkrav
Musikk-, dans- og drama-linja tronar øvst med krav om 48 karakterpoeng for å vere sikra plass ved fleire skular.
Karakterkravet for å komme inn på helse- og oppvekstfag er på nivå med fjoråret, etter å ha stege med nesten ein halv karakter ved fleire skular året før. Søknadar til elektrofag held seg også stabilt, medan det er nedgang i søkjarar til tradisjonelle oljefag.
Rogaland fylke listar opp Ølen Vg3 Påbygg som eitt av programområda med stort antall søknadar og ventelister, med eit karakterkrav på 42,2 poeng.
Mange på venteliste
Det er omlag 980 elevar med opplæringsrett som står på venteliste etter 1. inntak til alle sine ønsker. Desse vil få tilbod i 2. inntak. Dette skjer i byrjinga av august og fram mot skulestart.
Svarfristen for inntaket til vidaregående skule er 15. juli. Dei som ikkje svarar innan fristen, mister tilbodet sitt om skuleplass.
I Hordaland har 18.482 elevar søkt og dei aller fleste har nå fått tilbod om skuleplass. Årskullet som går ut av ungdomsskulen i år, har gått litt ned i høve til i fjor. Av søkjarane har 17.422 elevar rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett), Til disposisjon står 17.457 elevplassar.