Trafikkulykke

Fredag ettermiddag kl. 13.05 fekk politiet melding om eit trafikk-uhell nokre kilometer vest for Skånevik på fylkesveg 34.

– Det var ein bil som stoppa bak ein buss, og bilen som kom bak der igjen klarte ikkje å stoppa i tide, melder operasjonssentralen.

Dei som var involvert i ulukka køyrte sjølv til legevakt, så ingenting tyder på alvorleg personskade, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.

Naudetatane kom på staden og fylkesvegen vart stengt ein time. Vegen var open for køyrsel att kl. 14.00.