Omlag 300 tilskoderar hadde tatt turen til Etne Stadion fredag kveld for å sjå storkampen mellom naborivalane. Og det vart ein thriller med spenning til siste sekund. Rune Torstenbø opna ballet etter 25 minuttar, og sendte bortelaget i leiinga. Første omgang var tett og jamn, og det vart med det eine målet før pause.
Utover andre omgangen byrja kampen å ta av. Etne kom sterkare, anført av Sindre Tjelmeland som kom inn etter kvilen. Etne stanga mot Ølen-muren, og bortelaget var óg farlege ved fleire høve, så ein kunne fornemma ei skoring i lufta. To mål av Sverre Fjæra i kampens siste ti minuttar, sørga for at Etne snudde kampen. Først ei kald avslutning på bakre stolpe etter 82. minuttar, før han skora sigersmålet med hovudet etter 88. minuttar.
Men dramatikken stoppa ikkje der. I siste minutt av overtida får Ølen tildelt straffespark, og Stian Haugland er eksekutør. Med eit tigersprang ligg Øvernes nede i hjørna og reddar skotet. I same sekund bles dommaren av kampen, og elleville jubelscenar vart å sjå ute på den grøne matta.
Etne har med dette greidd å slå Ølen på første gong på mange år, og har óg sikra seg i luke på fem poeng ned til Ølen. Etne ligg nå på ein femteplass, medan Ølen er på ein åttandeplass.
Les meir om kampen, og få reaksjonar frå nokre av aktørane i måndagens papiravis.