Ingrid Lunde satsar for fullt på sandvolleyball.
Arkvifoto: TORSTEIN NYMOEN
Ingrid Lunde satsar for fullt på sandvolleyball. Arkvifoto: TORSTEIN NYMOEN

Fin innsats i EM

Ingrid Lunde frå Ølensvåg og makker Oda Ulveseth spelte seg til ein fin 17. plass under EM i sandvolleyball i Jurmala i Latvia i helga. Norge stilte med to damelag og to herrelag. Lunde og Ulveseth spelte fire kampar og var godt nøgd med innsatsen. — I fjor under EM fekk eg 25. plass, så eg synes me har tatt eit steg vidare og forbetra oss litt. Målet var at me skulle klara å kvalifisera oss til EM, seier Ingrid Lunde etter at tapet mot Finland var eit faktum på laurdag. Til helga ber det av garde til NM, og helga etter står Nordisk for tur før det blir ein pause. Totalt sett er lunde nøgd med sesongen sjølv om den har vore litt variert. — Det har gått litt opp og ned denne sesongen, seier ho.