Hærverk på bil i Ølen

Meld til politiet.


Sundag fekk politiet melding om at nokon har gjort skadeverk på ein bil og rota rundt i ein garasje i Ølen. Saka er meld til politiet, som gjorde tekniske undersøkingar på staden sundag. — Me har førebels ingen mistenkte sa operasjonsleiar Rune Plassen ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar sundag ettermiddag.