Knivstikkinga i Ølen.

Her køyrer politipatruljen frå Haugesund den antatte gjerningsmannen vekk. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Politiet har funne mogeleg motiv

Politiet har kartlagt det som kan vere motivet for at ei mann i 20-åra knivstakk ein 40-åring i Ølen tysdag.

av Torstein Tysvær Nymoen

Fungerande lensmann Arild Austrheim seier til Grannar at dei gjennom si etterforsking har teikna seg eit bilde av kva som har skjedd i forkant av den alvorlege episoden kor ein mann i 40-åra vart stukken med kniv utanfor lokala til Vaksenopplæringa i Ølen.

LES OGSÅ: Knvistikking i Ølen

— Me ønskjer ikkje å seie noko om kva motiv med trur han har hatt, seier han.

Sikta for kroppsskading

Gjerningsmannen er sikta for å ha påført ein annan person grov kroppsskade. Dette med heimel i straffelova si paragraf 273. Ein domfelling kan gi inntil 6 år fengsel.

Den sikta, som har dialog med advokat, vart avhøyrd ved Haugesund politistasjon onsdag føremiddag. Politiet vil krevje forlenga varetektsfengsling for den sikta i eit fengslingsmøte ved Haugaland tingrett torsdag.

Lettare skada

Offeret, som vart frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus etter hendinga, er lettare skada.

PS! Grannar fekk tidlegare onsdag opplyst frå politiet at mannen var sikta for grov kroppsskading, med heimel i §274 i straffeloven, som har ei strafferamme på inntil 10-15 år. Politiet presiserer onsdag ettermiddag at mannen er sikta for kroppsskading, etter §273 i straffelova. Denne har ei strafferamme på inntil seks års fengsel.