Søndag ettermiddag melder operasjonsleiar Norunn Byrknes ved Sør-Vest politidistrikt at politiet blei kalla til Etne for ein trafikkontroll. To bubilar var ute på søndagstur og kjørte vestover gjennom Etne. I lengre tid hadde dei køyrt veldig seint og skapt lange køar bak seg. Dette blei til irritasjon for bilistar bak og politiet blei kontakta. — Slike situasjonar skapar mykje irritasjon og kan føra til farlege handlingar, seier Byrknes.