Torvastad var med på notane det første kvarteret av kampen torsdag kveld, og kom til to sjansar. Dei var effektive og skora på desse og sjokkopna med ei 0-2 leiing etter 14 minuttar. Etne kom seg etter sjokket, og viste gjennom resten av omgangen at dei var det beste laget. Kristoffer Grønstad og Thomas Lien sørga for balanse i regnskapet straks etter. I det siste minuttet av omgangen vart Grønstad sparka ned av Torvastad-keeperen i feltet i skoringsposisjon. Raudt kort til keeperen og straffe. Ove Straumsøy var sikker frå straffemerket og Etne kunne ta pause med 3-2 leiing. Andre omgang blir leikestove for Etne mot eit slitent Torvastadlag. Heile sju mål til blei satt inn i omgangen. Ove Straumsøy sette inn to til, og Åsmund Norheim tegna seg for to fulltreffarar. Thomas Lien str, Lukas Chybowski, og Tøres Rullestad fastsette sluttresultatet til 10-2.
Ølen fekk eit heller ublidt møte med serieleiaren Vedavåg Karmøy, då dei vart sendt heim med heile 8-0 i bagasjen torsdag kveld. Fire mål til heimelaget i kvar omgang, gjorde turen til Karmøy til det reine marerittet for Ølen. Ølen er iferd med å koma på etterskot på tabellen, der Etne ligg åtte poeng foran. Etne innehar tredjeplassen, medan Ølen ligg på ein sjuandeplass.
Vats94/Skjoldar i poengnaud, tek imot Stegaberg til heimekamp i Vats i morgon fredag.
Les meir om kampane i måndagens papiravis.
Bli med å tipp på vår lokale fotballtipping her