Skjoldar-jubel i Norway Cup!

Skjoldar markerer seg på ei rekkje fotballturneringar, blant anna i NOrway Cup. Her året J19-laget som blei nummer to i B-sluttspelet:Bak f.v. Hanne Hjorteland, Helene Bjelland, Malin Haraldseid, Ida Aksland (kaptein), Marita Trovåg, Tomine Hundseid Dahlberg, Sina Krakk, Lisa Landa, Mari Larsen, Kristin Skree. Framme frå v, Ida Hårde, Sara Haugan Helland, Anna Fuglestein, Solveig Terese Fjeldheim, Lina Grünbeck, Solvor Vee Sandsgård, Lisa Sjurseike, Thea Helene Knudsen. Heilt framme målvakt Alvhild Nordtveit. FOTO: VIDAR ALFARNES

Spela seg til finale

Skjoldars juniorlag for jenter spelte seg fram til B-finale i verdas største fotballturnering.

av Torstein Tysvær Nymoen

Skjoldar-jentene kan sjå tilbake på ei turnering som starta i motbakke med tap 1-7 i den TV2-sendte kampen mot Verdal sist sundag. Men etter kvart vart turneringa ein stor opptur.

I den andre kampen, måndag, var det rett nok tap med heile 0-10 mot Lyn. Men tysdagen snudde det, med siger 3-2 mot IL Fram. Og då kom dei inn i ein imponerande vinnarmodus.

Slo Skjold og Stord

I B-sluttspelet sparka dei så godt i frå seg at dei nådde finalen. I finalen vart Kolbotn for sterke, men berre så vidt, då dei vann berre 1-0 over laget frå Vindafjord.

På vegen mot finalen i B-sluttspelet møtte Skjoldar to «lokale» lag. I kvartfinalen vart det siger 2-1 over Stord IL, meda Skjold IL frå Tysvær vart slått 2-1 i semifinalen.

Sjå reportasje frå Norway Cup i papiravisa måndag.