Illustrasjonsfoto. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Illustrasjonsfoto. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN

Tatt etter biljakt

Biljakt tysdag kveld.

Politiet la seg tysdag kveld på hjul etter ein personbil som ikkje stansa då Politiet gjorde teikn om dette i Ølensvåg. Hendinga skjedde klokka 18.25.

Første melding i 15.30-tida

Ifølgje Haugesunds Avis fekk Politiet melding om mistenkeleg og farleg køyring på E134 i retning austover allereie i 15.30-tida. Dei rykka då ut, utan å påtreffe bilen. Det gjorde dei derimot klokka 18.25, då ein patrulje fekk auge på han i Ølensvåg. Men sjåføren ville ikkje stanse, og dei måtte leggje seg på hjul då han ikkje ville stansa for dei.

Føraren satte kursen vestover på E 134 i retning vestover.

Det vart starten på ein omfattande politiaksjon.

Farlege forbikøyringar

Vitne fortel til Grannar at dei har sett både sivile og uniformerte politibilar under full utrykking på E134 ved Knapphus kort tid etterpå.

Bilføraren, ein mann, skal ha  fleire farlege forbikøyringar med høg fart for å unnsleppe Politiet.

Funne av hundepatruljue

Ingen ved Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral hadde tid til å snakke med Grannar då avisa tok kontakt ved 19-tida.

Klokka 19.17 melde Politiet i ei Twitter-melding at dei har funne bilen dei jakta på i Sveio. Bilen var då tom, og det vart gjort søk i området.

Bilen vart funnen ved fylkesveg 47, og Politiet satte starta søk etter mannen.

Klokka 20.03 melde Politiet at bilføraren er gripen.

— Hundepatrulje på sporet lot seg ikkje lure, rett på, heiter det i Twitter-meldinga frå Politiet.