Tapte for topplaget

Topplaget Vedavåg Karmøy, som leiar 5. divisjonstabellen saman med Haugar, var favorittar før kampen mot Vats94/Skjoldar i Skjold torsdag kveld. Og bortelaget køyrde kampen i den første omgangen, og etter 29 minutt sette Alain Mbonimpa inn 0-1 for raudtrøyene. Det small i stengene to gonger frå Vedavåg, men det vart med det eine målet før pause.
Etter pause jamna kampen seg ut, og heimelaget var meir med på notane. Morten Frøland utlikna etter 67 minutt etter eit fint angrep. Ei heading frå Ingvar Karlsen etter corner avgjorde kampen etter 74 minutt. Bortesigeren var fortent etter spel og sjansar, men Vats94/Skjoldar yppa seg i andre omgang og kunne fått med seg poeng.
Vedavåg Karmøy legg seg med dette heilt i toppen av tabellen, medan Vats94/Skjoldar vert ståande med sine 14 poeng på ein 11. plass.
Etne og Ølen møtest i Etne i morgon fredag til lokaloppgjer på Etnemarknaden.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.