To dyr påkøyrde

Ein rev og eit rådyr vart påkøyrd i Grannar-distriktet natt til torsdag. Meldinga om påkøyrd rev kom frå Vikebygd ved 01.30-tida, mens rådyret vart påkøyrd like før klokka 6. Den siste hendinga fann stad på Sandeidvegen, om lag ein kilometer sør for krysset i Ølen. I begge tilfelle vart viltnemnda kalla ut for å avlive dyra, opplyser politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.