ARKIVFOTO
ARKIVFOTO

Tok truleg borti tunneltak

Transportør har meldt seg.

Eit vogntog som var lasta med ei gravemaskin var på veg vestover langs E134 ved 9-tida onsdag morgon. Då den køyrde gjennom Skjoldaviktunnelen ved Isvik tok den truleg borti taket.

Stein traff bil

— Ein bilførar på veg austover møtte vogntoget i tunnelen, og i same augneblink ramle det ned småstein frå taket som trefte bilen. Det er snakk om lakkskade og hakk i frontruta, opplys operasjonsleiar Trond Børge Åsbu ved Sør-Vest politidistrikt.

— Me trur gravemaskinen har vore borti tunneltaket, seier han.

Hadde følgjebil

Han legg til at det er snakk om eit vogntog som hadde følgjebil framfor seg.

— Me hadde ein patrulje ute i Aksdal-området, men såg aldri noko til det aktuelle vogntoget. Difor håper me at eigar tek kontakt med oss, sa han til Grannar onsdag føremiddag.

Etter eit par timar tok den aktuelle transportøren kontakt med politiet.

— Det er dialog om saka, seier politioverbetent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor ved 15-tida onsdag.