Sverre Fjæra vart matchvinnar mot Stegaberg. Foto: Magne Skålnes
Sverre Fjæra vart matchvinnar mot Stegaberg. Foto: Magne Skålnes

Tre nye poeng

Etne har starta haustsesongen perfekt, med seks poeng på dei to første kampane. Torsdag kveld var det Stegaberg som stod på motsatt banehalvdel, og Etne hadde god kontroll i den første omgangen. Thomas Lien sendte bortelaget i føringa etter hjørnespark, noko som vart den einaste skoringa før pause.
Sverre Fjæra, som putta to mål mot Ølen sist, vart óg denne gongen avgjerande for dei grønkledte, då han small inn eit frispark etter 67 minuttar av andre omgang.
Stegaberg fekk inn ei redusering i sluttminutta, men fleire mål vart det ikkje. 1-2, og tre sterke bortepoeng til Etne, som får besøk av Torvastad i neste runde.
Ølen og Vats94/Skjoldar møter kvarandre til kamp i morgon, fredag. Kampen går i Ølen.