Fem sjåførar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, medan tre fekk same reaksjon for manglande dokument i bilen. Dette var nokre av resultata då Statens vegvesen måndag hadde bilbeltekontroll i Vikebygd Bjoa og Ølensvåg. I alt 73 køyretøy blei kontrollerte. Det blei også gitt eitt bruksforbod på grunn av usikra last på tilhengjar, noko sjåføren ordna opp på staden. Éin sjåfør snudde då han blei merksam på kontrollen, utan at det hjelpte. Det viste seg at bilen ikkje hadde vore gjennom pålagt kontroll på køyretøyet. Resultatet var krav om avskilting, melder Statens vegvesen.