Bortekamp mot Torvastad

Ølen klarte ikkje å følgje opp dei gode resultata til Etne og Vats 94/Skjoldar då dei møtte Torvastad fredag kveld. Håvard Stople sendte Ølen i leiinga i første omgang, noko som heldt seg til pause. Men i andre omgang vakna Torvastad for fullt, og skåra heile fire mål før fløyta gjekk for full tid. 1-4 resultatet minskar sjansane for Ølen til å ta igjen Etne denne hausten. Det er nå ni poeng mellom laga i Etne sin favør. Ølen ligg nå berre fem poeng føre Vats 94/Skjoldar, som óg har ein kamp mindre spelt enn Ølen.

Les meir om kampen, og sjå oppdatert tabell i måndagens papiravis.