Talet på heilt arbeidsledige personar har frå førre månad gått ned både i Etne og i Vindafjord. Mens det i august blei rapportert om 52 heilt arbeidsledige personar i Etne kommune, noko som utgjer 2,4 prosent, er det i september notert 43 personar som står heilt utan arbeid. Dermed har prosentdelen i forhold til arbeidsstyrken minka til 2,0 prosent.
I Vindafjord blei det i august registrert 185 heilt arbeidsledige personar, noko som utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken i kommunen. I september har dette talet minka til 163 personar, og 3,4 prosent på ein månad. Dermed er det oppgang på sysselsette arbeidstakarar i begge kommunane den siste månaden.
Ser ein på heile fylka, er det i Hordaland registrert 8.420 heilt arbeidsledige personar ved utgangen av august, mot 7.890 heilt arbeidsledige i september. Prosentandelen går dermed ned frå 3,0 prosent til 2,8 i fylket. I Rogaland er det i august registrert totalt 9.590 heilt arbeidsledige personar, noko som utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken, mens talet i september har gått ned til 8.797 personar, og 3,4 prosent.
Ser ein tilbake seks månadar, registrerer ein stor nedgang i løpet av det halve året som har gått. Ved utgangen av mars kunne ein notera heile 9.403 heilt arbeidsledige personar i Hordaland og 11.362 i Rogaland. Pila for folk i arbeid i Rogaland og Hordaland har dermed jamt og trutt peika oppover det siste halve året.