Terje Halleland (t.v.) jublar for fast plass på Stortinget, her  saman med Svein Åge Lynum, Sverre Rønnevig og Svein Erik Indbjø på valvake i Haugesund.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Terje Halleland (t.v.) jublar for fast plass på Stortinget, her saman med Svein Åge Lynum, Sverre Rønnevig og Svein Erik Indbjø på valvake i Haugesund. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Halleland er inne

Terje Halleland (Frp) får plass på Stortinget viser resultatet når det står få stemmer igjen å telje i Rogaland.

Frp ligg an til å få godt over 19 prosent av stemmene, og det er ein liten auke frå 2013. Dermed er det liten tvil om at Frp tar tre mandat i Rogaland, og at Halleland blir den første stortingsrepresentanten frå Vindafjord i nyare tid.

Har løfta seg

— Det ser ganske trygt ut no for det tredje mandatet. Eg er stolt over at vi klarer å løfte oss til framgang i Rogaland. Regjeringa har hatt mange utfordringa, men det ser ut til å bli fornya tillit, seier Halleland.

Høgre er det største partiet i fylket, men får ein tilbakegang.

Sp litt fram

Senterpartiet har ein liten framgang, men ser ikkje ut til å kapre fleire enn den eine representanten som partiet har frå Rogaland i dag.

Arne Bergsvåg frå Vindafjord som har tredjeplassen ser dermed ut til å bli andre vararepresentant til Stortinget dei neste fire åra