Målfest i Vats

Dei fleste trudde nok på ein jamn og spennande kamp mellom laga som begge ligg litt under midten i årets 5. divisjon. Men heimelaget var ikkje til å stoppa i denne kampen. Spesielt i første omgang var det festfotball frå Vats 94/Skjoldar, som ikkje gav seg før det stod 9-1 på resultattavla. Til pause var resultatet 5-0, og anført av ein velopplagt Jan Trygve Haraldseid køyrde heimelaget regelrett over Leirvik i store deler av kampen. Måla vart sett inn av Kristian Langeland(4), Remi Torgersen(3), Jan Trygve Haraldseid og Olav Ohm. Vats 94/Skjoldar har nå heng på laga foran seg på tabellen, men ligg framleis på ein 11. plass på tabellen.

Ølen og Etne spelar sine kampar på måndag denne runden, høvesvis mot Åkra 2 og Kopervik 2.