Målrikt i Sauda

Ølen fekk ein fin heimesiger mot Åkra 2 sist, og tok torsdag kveld turen til Sauda for å prøve å ta tre nye poeng. Oliver Vestbø sendte bortelaget i leiinga 0-1 til pause. Andre omgang skulle bli meir open og målrik, der Sauda først utligna til 1-1 tidleg. Laga putta eitt til kvar så stillinga vart 2-2. Så kom ein god periode for Ølen som gjekk opp i 2-5 leiing. På tampen greidde Sauda å skape ei viss spenning i kampen ved å redusere to gonger til 4-5, men Ølen stod imot på slutten og redda sigeren. Måla til Ølen i andre omgang vart sett inn av Rune Torstenbø(2), Hans Rørtveit og Sverre Ramsfjell. Fasiten for Ølen denne veka blir dermed seks poeng og tolv skåra mål. Neste veke kjem Leirvik Ballklubb til Ølen, noko som bør bety tre nye poeng til Ølen.