God poengjakt

Både Etne og Vats 94/Skjoldar har spelt eitpar kampar utan siger i det siste, men torsdag kveld kom begge laga tilbake på vinnarsporet. Etne møtte Leirvik Ballklubb på Stord, og etter ein forrykande omgang leia Etne 1-5 til pause. Bortelaget tok foten av gasspedalen i andre omgang, og Leirvik reduserte ein gong til. Kampen enda 2-5, og med dét tre viktige poeng til Etne. Skåringane vart sett inn av Thomas Lien(2), Åsmund Nordheim, Kristoffer Grønstad og Ove Straumsøy.

Vats94/Skjoldar målte krefter med Sauda, som har betra resultata sine i dei siste kampane. Men Vats 94/Skjoldar gav seg ikkje før det stod 1-4 på resultattavla. Målskårarar for dei gul/svarte var Morten Frøland(2), Mats Søvik Isaksen og Olav Ohm.

Ølen spelar óg bortekamp denne runden. Torvastad er motstandar og kampen blir spela i morgon, fredag.

Les meir om kampane, og sjå oppdatert tabell i måndagens papiravis.