Poengdeling i toppkampen

Ølen 2 og Skånevik kjempar om å vinne den lokale 7. divisjonen, og tirsdag kveld møttes dei til oppgjer på Ølen SR-Bank Stadion.

I eit ufyseleg vér, med vind og styrtregn, vart det ein spanande kamp som ikkje vart avgjort før i siste minutt.

Ølen 2 tok leiinga etter to minutt ved Magne Christiansen. Rundt midtvegs i omgangen snudde Skånevik resultatet til 1-2 etter skåringar av Martin Kristiansen og Erling Åsheim. Ølen 2 fekk straffe rett før pause, og Cristiansen kunne tegne seg for kveldens andre skåring.

Andre omgang vart jamn, men Ølen 2 hadde kommandoen og gjekk opp til 4-2 leiing etter mål av Petter Nordskog og Kristoffer Kalstveit. Ølen 2 såg ut til å gå mot siger, men etter 79 minuttar fekk Martin Kristiansen sett inn reduseringa til 4-3. I siste minutt av kampen fekk Skånevik tildelt eit straffespark, og Kristiansen var sikker eksekutør. Dermed vart Martin Kristiansen tremålskårar og fastsette sluttresultatet til 4-4. Med dette resultatet beheld Ølen 2 leiinga på tabellen, tre poeng føre Skånevik som har ein hengekamp. Avaldsnes 2 og Djerv 1919 2 følgjer tett bak, så det er i realiteten fire lag som kjempar om puljesigeren.

Les meir om kampen i torsdagens papiravis.

Bli med og tipp på den lokale tippekupongen her