Ole Johan Vierdal (Sp) og Gerd Kvamme  (Frp) er tilfreds med at partia deira går fram i Vindafjord i stortingsvalet. I midten Siv Bente Stople Østbø. Foto: Jon Edvardsen
Ole Johan Vierdal (Sp) og Gerd Kvamme (Frp) er tilfreds med at partia deira går fram i Vindafjord i stortingsvalet. I midten Siv Bente Stople Østbø. Foto: Jon Edvardsen

Sp og Frp mest fram

Tre parti går fram i Vindafjord, men aller mest Senterpartiet og Framstegspartiet.

Senterpartiet får 27 prosent av stemmene, med Høgre som nummer to med 20.8 prosent og Frp tett på med 19,6 prosent.

Ordførar Ole Johan Vierdal er svært nøgd med at partiet går fram med 6,3 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet i 2013.

Helst regjering

Men framgangen lokalt og nasjonalt for Sp kjem ikkje så lite i skuggen av at den blå regjeringa med Høgre og Frp ser ut til å få fornya tillit ved hjelp av KrF og Venstre.

— Det ser bra ut for Sp, men ikkje for dei raudgrøne sjølv om alle stemmene ikkje er talde opp. Sp får mange fleire mandat, men aller helst håpar vi å kome i regjeringsposisjon, seier Viierdal.

Høgre tilfreds

Framstegspartiet har også solid framgang samanlikna med for fire år sidan, med då hadde partiet også ein solid tilbakegang.

— Eg er nøgd med framgangen og resultatet. At vi klarer å halde stand nasjonalt sjølv om partiet er i regjering, er veldig bra. Vi er ganske nær Høgre i Vindafjord, seier Gerd Kvamme (Frp).

Ho trur også dei har fått ein viss Halleland-effekt sidan han er i posisjon til å få plass på Stortinget.

Høgre gjekk tilbake, men over 20 prosent oppslutning meiner Per Fatland (H) er eit godt resultat for Høgre. I 2013 var partiet større enn Sp i Vindafjord.

— Høgre gjer ein solid prestasjon når vi sit i regjering, seier han.

Både KrF og Venstre går tilbake i Vindafjord.

Stortingsvalet 2017 Vindafjord resultat

Raudt                           0,6          +0,4

SV                               2,8            +0,3

MDG                           1,1            +0,1

Ap                           16,9              -3,0

Sp                           27,0              +6,3

KrF                           9,6               -2,9

Venstre                    2,2                -0,4

Høgre                     20,8              – 1,4

Frp                           19,6             +4,4