Spelte for høgt

Klokka 01.43 natt til sundag fekk politiet melding om høg musikk frå ein adresse i Ølen. — Ein patrulje køyrde til staden og fekk dempa musikken. Det skal ikkje vere første gongen, og publikum må berre ringje oss igjen om det skulle skje igjen, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes ved Sør-Vest politidistrikt i Haugesund.