Den utsette kampen frå i vår vart endeleg spelt på Skjold Stadion onsdag kveld. Og heimelaget kontrollerte oppgjeret på ein fin måte i den til tider sterke vinden i Skjold. Øystein Gjellestad heada Vats 94/skjoldar i leiinga etter 17 minuttar, noko som heldt seg til pause. Gjellestad dobla leiinga tidleg i andre omgang. Kopervik 2 var ikkje heilt ufarlege, men heimelaget sin keeper Eirik Selsaas varta opp med eit par gode redningar. Heilt på tampen sette Kristian Langeland inn 3-0, og alle poenga vart igjen i Skjold. Dermed tok Vats 94/Skjoldar sin tredje strake siger, og legg seg berre to poeng bak Ølen på tabellen. Neste kamp for Vats 94/Skjoldar kjem på mandag. Då blir det ny kamp mot Kopervik 2, denne gongen på Karmøy.