132 km/t i tunnelen

Mista førarkortet.


Ein mann i 20-åra fekk beslaglagt førarkortet sitt etter at politiet målte bilen han køyrde til ein snittfart på 132 kilometer i timen i Åkrafjordtunnelen på E134 sundag kveld. I same kontroll var det skrive ut ytterlegare to forenkla førelegg for fartsoverskriding. Det er 80-sone i tunnelen.