Ein kostbar drosjetur

Gjekk laus på dør i fart.


Ein drosjetur utanom det vanlege vil bli dyrare enn normalt for ein mann i midten av 20-åra som tok drosje i Etne natt til søndag. — Han forsøkte å opne ei skyvedør i drosja medan den var i fart. Då han fekk beskjed om å slutte med dette, brukte han endå meir makt på døra slik at ei rute vart knust og døra kilte seg fast, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Sørvest politidistrikt i Haugesund. Skadeverket vil bli meldt til politiet av drosjeeigaren, og det kan bli kostbart for passasjeren, opplyser operasjonssentralen. Politiet fekk melding om episoden klokka 01.06 natt til søndag.