Jakta siger på Karmøy

Etne tok turen heilt ut til Skudeneshavn for å møte Skudenes måndag. Etter det noko uventa tapet mot Nord sist, var det eit revansjesugent bortelag før kampen. Og kampen starta bra, med to kjappe skåringar etter omlag 20 minuttar. Først netta Kristoffer Grønstad på eit kjempeskot frå 20 meter, så sette Åsmund Norheim 0-2 frå kloss hald.

Skudenes reduserte etter halvtimen og laga gjekk til pause med 1-2.

Det var mykje fram og tilbake i andre omgang, men ingen av laga greidde å omsetje spel til teljande resultat. Så det enda med tre poeng, og 1-2 til Etne.

Vats 94/Skjoldar hadde sin andre kamp mot Kopervik 2 på få dagar måndag kveld. Vats 94/Skjoldar vann 3-0 heime i Skjold på onsdag i den utsette vårkampen. I måndagens kamp i Kopervik vart resultatet nesten det same, nemlig 1-3 til bortelaget. Den fjerde sigeren på rad var eit faktum for Vindafjord-laget, som verkeleg har funne haustforma. Skåringane i kampen vart sett inn av Kristian Langeland (2), og Mats Søvik Isaksen.

Både Vats 94/Skjoldar, Ølen og Etne spelar kampar på heimebane seinare i veka, høvesvis mot Nord, Leirvik Ballklubb og Hemmingstad.

Kampen i 7. divisjon mellom Djerv 1919 2 og Skånevik, der Skånevik kunne feire puljesiger og opprykk med siger, vart utsett måndag kveld. Dommaren Tommy Lothe fra Ølen pådrog seg ein strekk på oppvarminga før kampen, og kunne ikkje setje i gang oppgjeret.

Les meir om kampane i torsdagens papiravis.