Politiet ber publikum om hjelp etter at Christian Kvamme (28) er meldt sakna. Han bur i Haugesund, men vart sist sett hos familie i Ølen torsdag kveld.
I samråd med familien har politiet laurdag levert bilde av den sakna og bilen han truleg disponerer.
Leiteaksjon
Bilen er ein oransje Volkswagen Amarok 2014-modell med registreringsnummer SD 76030.
Laurdag vart det sett i verk ein leiteaksjon med utgangspunkt i Ølen.
— Det skjer i privat regi, men med etterretningsarbeid i saka, opplyser operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar.
Ring 02800
Ved 10.15-tida laurdag hadde politiet ingen opplysningar om kor den sakna kan ha tatt vegen.
Den sakna er rundt 180 centimeter høg, og har lyst blondt hår og snakkar Odda-dialekt. Han skal ha hatt på seg ei blåleg t-skjorte då han forsvann.
Politiet opplyser at dei ikkje har grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt i saka.
Dei ber folk som kan ha sett Christian Kvamme, eller den etterlyste bilen, – om å melde frå til politiet på telefon 02800.