Mange mål og direkte raudt kort

Ølen møtte Leirvik Ballklubb heime i Ølen torsdag kveld. Det unge Ølen-laget fekk etterkvart gode arbeidstilhøve mot eit tungt Leirvik-lag.  Ølen leia 2-0 til pause etter to mål av Bjørn Tore Lunde. Hans Rørtveit auka frå straffemerket etter ein knapp time. Minuttet etterpå vart Mikal Vaka på Leirvik Ballklubb vist ut etter ei stygg takling. Resten av kampen vart litt tut og kjør. Bjørn Tore Lunde skåra eitt mål til, og Hans Rørtveit sette det siste for Ølen. To trøstemål vart det óg til Leirvik, så sluttresultatet vart 5-2. Vats 94/Skjoldar spelar heime i Skjold mot Nord i morgon, fredag. Kampen mellom Etne og Hemmingstad som skulle spelast fredag er utsett.