Dårleg for økonomien. Deler av jorda til bonde Andreas Lundegård i Vats står under vatn og gjer det umogeleg å berga andreslåtten.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Fôrkrise og for mykje gris førte til overskya vêr for lommeboka til bonden i 2018, opplyser Andreas Lundegård i Tveit Regnskap. Arkivfoto

Økonomsk smell for bonden

Ein særdeles våt sommar har ført til problem og fôrmangel for mange bønder på heile sør-vestlandet. Bonde Andreas Lundegård i Vats er langt frå åleine om å ha deler av jorda under vatn.

Med vatn til langt opp på støvlane og med ei vasstrekt jord som skvulpar under føtene, ser det dårleg ut for deler av andreslåtten til bonde og landbruksrådgjevar Andreas Lundegård i Vats. Det fører til mangel på fôr og som så mange andre bønder i distriktet må han skaffa seg tilleggsfôr frå andre deler av landet.

— Me må tilbake til slutten av 1970-talet for å finna liknande tilhøve og på den tida hadde ein mindre gardar og mindre maskinar, så følgjeskadane blei ikkje så store, seier Anders Lundegård og kan ikkje minnast liknande forhold så lenge han har drive gard.

— Eg har drive sidan 2000 og kan ikkje hugsa at begge avlingane har vore dårlege. I fjor var førsteslåtten bra, men i år har både første-og andreslåtten vore dårlege. Eg har alt kjøpt ein trailer med fôr, seier vatsbuen.

Denne våren og sommaren går over i historia som ein av dei våtaste på mange tiår på store deler av Vestlandet. Frå april i år til oktober vart det målt til samen over 1.130 mm nedbør ved målestasjonen i Vats. Våtast var det i august med 246 millimeter og juni med 239 mm. I april vart det registrert 232 mm, september 170 mm og juli 153. Mai hadde minst nedbør med 87 mm. Mest nedbør på eitt døgn i løpet av dei siste 13 månadane vart registrert måndag 2. oktober med 63,6 mm. Også gårsdagen var heftig våt.

kjøp halvparten av fôret vil utgjera rundt 150.000 kroner i meirutgifter
Andreas Lundegård, bonde

Fôrkrise

Med så mykje nedbør dei siste seks månadane står problema i kø for bøndene i Etne og Vindafjord. Dårlege avlingar, dårlegare fôrkvalitet og øydelagde bøar er blant utfordringane dei lokale bønene må takla. For enkelte kan dette by på store økonomiske belastningar. Mangelen på gras er stor på mange gardar.

— Me har ei ganske alvorleg fôrkrise og på enkelte bruk kan det bli ei underdekning på fôr frå 30 til 50 prosent. For ein del bønder med nyinvesteringar og stor gjeld kan det by på økonomiske problem når dei må kjøpa ekstra fôr, fortel bonden som også jobbar som landbruksrådgjevar ved Tveit Regnskap AS.

Lundegård har rekna på kor mykje det kan utgjera i kroner og øre for eit gjennomsnittleg mjølkebruk på rundt 25 kyr, og funne at dersom bonden må kjøpa halvparten av fôret vil det utgjera rundt 150.000 kroner i meirutgifter.

— Dei færraste er så hardt råka, men ein stad mellom 20.000 til 50.000 kroner vil mange oppleva. Tapet må bøndene ta av overskotet, seier han.

Tilgangen på fôr for sal er svært dårleg på Sør- og Vestlandet, og bønder som er på jakt etter grovfôr må ofte heilt til Telemark, Austlandet eller nordover til Trøndelag for å få tak i høyballar til dyra. Dette fører til store ekstra kostnader knytt til transport og fører til at prisen på ein siloball kan auka til nesten det doble av normal pris.

— Vanlegvis kostar ein siloball rundt 400 kroner, men med dyr transport må den nå kjøpast for 700. Det er over prisen for kraftfôr, fortel Lundegård.

Godvêret sist veke var til stor hjelp for ein del bønder som dermed fekk høve til å få andreslåtten i hus og få spreidd ut skiten som etterkvart hadde hopa seg opp i gjødselkjellaren. Men fortsatt står det ein del areal igjen på gardar med myrjord og dei verst råka har heller ikkje fått førsteslåtten i hamn. Blaute bakkar og for sein slått går også ut over kvaliteten på graset og aukar faren for at jord blandar seg med fôret og fører til sjukdom blant dyra.

Skadar på jorda

Det er ikkje berre tilgangen på gras til dyra og kvaliteten på graset som vert eit problem når regnet ausar ned over lang tid. Jorda vert gjennomblaut og tåler ikkje belastninga av tunge landbruksmaskinar.

— Skadar på enga vil ein dra med seg over fleire år. Grøfter må fiksast og drenering utbetrast. Bakkane blir røynt mykje i slikt vêr og kulturbeite blir tråkka opp og fører til meir ugras. Vanlegvis får dyra gå ute til slutten av september, men i år tok mange dei inn i august. Det fører til auka bruk av vinterfóret, seier vatsbonden.

Sau

Sjølv om mangelen på grovfór og dårlegare kvalitet på graset slår verst ut for mjølkekyr og ammekyr, har også sauebøndene merka den dårlege sesongen.

— Bønder som har sauene gåande heime merkar at dyra ikkje har god nok vekt og ventar med å senda dei til slakt. Fjellbeitet har vore betre enn heimebeitet, men også her har det vore dårlegare enn normalt enkelte stader, seier Lundegård som driv med sauer og ammekyr.

Han rår bøndene til å kompensera med kraftfôr tidleg slik at ikkje dei risikerer å gå tom for grovfôr.

— Dyra må ha ei viss mengd grovfôr, og kan ikkje leva berre på kraftfôr, seier han.