Sandeid er eit område som manglar raskt breiband med fiber. Her ved Østbøfeltet og Strand blir det lagt ny høgspent i grøft, pluss røyr som ein i framtida kan plassere fiber i. Det er om lag 130 hus i området. Foto: Jon Edvardsen
Det er lagt ned røyr utan fiber i ei kommunal grøft på Østbø i samand med eit kommunalt arbeid i fjor. Når resten er ferdig, vil Haugaland få på plass fiber for denne delen av Sandeid. Foto: Jon EdvarsenBilde 1 av 2
Foto: Sirianne Vikestad
Direktør Jan Håland i Haugaland Kraft Fiber AS seier dei er ferdig med bygging av kommersielt forsvarleg utbygging av fiberbreiband i Vindafjord. ArkivfotoBilde 2 av 2

Subsidierer fiber med 10 millionar

Vindafjord kommune skal i første omgang bruke vel 5,5 millionar kroner for at strekninga frå Dørheim til Fikse i Ølen skal få fiberbreiband. Haugaland Kraft gjennomfører ikkje fleire utbyggingar utan subsidiering.

Mange område i Vindafjord har ikkje fiber som breiband fram til hus og bedrifter, men direktør Jan Håland i Haugaland Kraft Fiber AS opplyser at selskapet ikkje har ryggdekning frå eigarane til å investere i fleire område i Vindafjord fordi det kostar meir enn det smakar.

Det vil seie inntil 25.000 kroner per kunde for det Haugaland Kraft meiner er kommersielt interessant å investere i for å ha lik pris ut til kundane.

24 millionar

— Ut frå desse føresetnadene har vi bygt ut det vi skal. Dessutan har vi gitt tilbod til Vindafjord kommune for nokre definerte område dei ønskjer skal få fiber, seier Håland.

Vindafjord har hatt fiber til folket på dagsorden ei stund, og har peika ut fem område det er aktuelt å vere med å finansiere fordi kommersielle aktørar meiner det blir for kostbart.

Dei fem områda har ein ekstra kostnad på over 24 millionar kroner ut over det Haugaland kraft er villig til å gå inn med. I tillegg kjem 1,25 millionar i prosjektleiing og administrasjon av alle fem.

I realiteten det kommunen må gå inn med for å få til ei utbygging.

Før selskapa vart fusjonerte gav Haugaland Kraft og Skånevik Ølen Kraftlag denne prislappen til kommunen for prosjekta (i kroner):

  • Dørheim-Fikse (Ølen) 5.520.690
  • Roa-Dreganes (Ølen)   4.114.515
  • Sandeid-Steinsland     4.339.550
  • Nerheim-Økland (Ølen) 2.479.889
  • Vikedal-Mo                 7.732.713

Stegvis

Kommunen har sett av 4 millionar kroner til fiberbreiband i økonomiplanen fram til 2020. Dessutan har Vindafjord fått 4,1 millionar i nasjonale midlar til breiband. Det er dermed til disposisjon vel 8 millionar kroner til å gå inn med for å få Haugaland Kraft til å byggje ut.

Det kjem no strekninga Dørheim-Fikse til gode og det er underteikna ein kontrakt med kraftselskapet. Det er også laga ein intensjonsavtale for Roa-Dreganes, men det manglar eit par millionar for å ha finansiering.

— Den første strekninga er på plass, og det er i grunn å vente på at Haugaland Kraft kjem i gang. Når det gjeld Roa-Dreganes må det litt meir pengar til, og det må kommunen ta stilling til framover, seier kommunalsjef og samfunnsutviklar Erik Baust i Vindafjord kommune.

Han understrekar at ekstra midlar framover må inn i budsjettarbeidet både administrativt og politisk.

— Kommunen vil engasjere seg og delta med promotering for å få fleire kundar i område som skal byggjast ut, seier Baust.

Det vanlege er at utbyggjarar kalkulerer med at ein viss prosent blir kundar på ei strekning.

Når det gjeld Roa-Dreganes må det litt meir pengar til
Erik Baust, kommunalsjef

Flust med fiber-lause

I alt 17 område i Vindafjord er utan tilfredsstillande breiband, ifølgje ein rapport som Medvind Næringshage og Fikse Næringsutvikling har laga på oppdrag for kommunen. Der har dei også kome med ei tilråding om prioritering som resulterte i dei fem på topp som Haugaland Kraft har gitt pris på.

Men 8 millionar tilgjengelege kroner er ikkje nok til å gjennomføre meir enn eitt prosjekt i første omgang. Det er likevel sannsynleg at det kjem ekstra pengar på bordet slik at det er mogleg å finansiere dei to første.

Med dei prislappane som er, pluss at dei som er lenger nede på lista blir endå dyrare, vil det ta lang tid før storparten av geografien i Vindafjord er dekt med fiber.

Samfunnsutviklar Baust meiner det også er eit poeng kva utvikling det blir i teknologi framover.

Sandeid får

Jan Håland i Haugaland Kraft viser til at både dei og fusjonsvennen SØK har bygt ut breiband i sentrale delar av kommunen. Blant dei siste er området ved Knapphus der fleire bedrifter ønskte fiber.

Den siste etappen selskapet går inn i på rein kommersiell basis, er Østbø-feltet i Sandeid der det er lagt fiberlaust røyr i samband med eit kommunalt arbeid i grøfta, men det gjenstår litt i kommunal regi før Haugaland Kraft vil strekkje kabelen.

Vindafjordtunet i Nedre Vats fekk fiber i 2005, men Kårhus-feltet eit steinkast unna har ikkje. Det forklarer Håland med at det ikkje har vore pågang derifrå, pluss at dei må byggje ein stasjon som det ikkje er kundegrunnlag nok til å forsvare investeringa.