Ordførar Siri Klokkerstuen leia innsamlingskomiteen i Etne og var svært godt med resultatet etter kvart som bøssene kom inn.
Foto: Arne Frøkedal
Ordførar Siri Klokkerstuen leia innsamlingskomiteen i Etne og var svært godt med resultatet etter kvart som bøssene kom inn. Foto: Arne Frøkedal

Takkar for stor givarglede

TV-aksjonen har gått svært bra både i Etne og Vindafjord. Resultatet er litt lågare enn i fjor då innsamlinga gjekk til Røde Kors, men er over resultatet frå 2015.

Dei to kommunane hadde store apparat i sving sundag ettermiddag for å avvikla årets TV-aksjon i regi ab NRK, til inntekt for UNICEF sitt arbeid for å gi undervising og skulegang til barn i krigs- og katastrofeherja land.

I Vindafjord var 114 bøsseberarar ute i bygdene, og i tillegg kjem eit dusin frivillige som deltok i å administrera aksjonen.

Komitéleiar Siri Klokkerstuen i Etne fortel om gode tilbakemeldingar frå dei 44 bøsseberarane i Etne, Skånevik og Åkrafjorden og fortel om mange blide bøsseberarar som kom attende etter ein givande runde på dørene til folk.

Ikkje alle var heime den fine haustdagen, men desse fann Vipps-lapp på døra dei kom attende. Enkelte stader fann bøsseberarane konvolutt på døra med pengar i. Det er grunn til å tru at tala vil auka nå alle har fått bidratt.

Førebelse lokale tal

Etne og Vindafjord ligg an til å få litt svakare tal på bøssene enn i fjor, men betre enn i 2015 då Regnskogfondet fekk den store pengegåva frå det norske folket.

Den førebelse summen i Etne er på vel 124.000 kroner, utan Vipps, næringsliv og kommune, opplyser komitéleiar Siri Klokkerstuen.

I fjor kom det inn nesten 138.000 bøssekroner i Etne kommune då pengane gjekk til Røde Kors, ein organisasjon mange har eit nært forhold til.

I Vindafjord kan komitéleiar Steinar Skartland melda om vel 250.000 kroner på bøssene i år, som er litt mindre enn i fjor då resultatet var nær 288.000 kroner, men meir enn i 2015 då bøssene gav 238.000 kroner.

— Me har fått gode tilbakemeldingar frå bøsseberarane. Det var godt med folk heime og folk gav rundhanda. Éin klaga på at det var for lite hòl i bøssa til setlane, seier Skartland og legg til at pengar frå næringsliv, kommune og Vipps kjem i tillegg.

Begge komitéleiarane takkar dei mange frivillige som deltok under aksjonen, og rettar også ein stor takk til alle som bidrog i den viktige aksjonen.

Les meir om innsamlingsaksjonen i måndagens utgåve!