Ti fekk fartsbot

Politiet skreiv ut ti forenkla førelegg under ein trafikkontroll i Etne onsdag kveld. Ein av sjåførane nekta å vedta boka og er meldt til politiet. Kontrollen blei halden i 60-sona og høgaste fart blei målt til 82 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.