Festivalleiar Kristin Hafstad Stokka i Vikedal Roots Music Festival meiner dei har klausul for artistutgifter når ein epidemi oppstår.
Festivalleiar Kristin Hafstad Stokka i Vikedal Roots Music Festival meiner dei har klausul for artistutgifter når ein epidemi oppstår.

25-åring blir rootssjef

Vatsjenta Kristin Hafstad Stokka (25) overtar som festivalsjef for Rootsen i Vikedal etter eit år i solid pluss.

Vikedal Roots Music Festival feirar 20 år i 2018 og markerer det med å annonsera skotske Waterboys som headliner fredag kveld, eit band som gjorde stor suksess i Vikedal i 2001.

Samstundes opplyser arrangøren at det er skifte i leiinga. Kristin Hafstad Stokka avløyser Jarle Nes som festivalsjef.

Trass sin unge alder er den nye sjefen inga novise i Roots-samanheng. Alt som 17-åring starta den svært musikkinteresserte jenta som artistvert backstages, og dei siste år har ho vore sentral i arbeidet med PR og val av artistar.

Festivalen har lagt nokre økonomisk tøffe år bak seg, men går inn i eit nytt år med optimisme overskot etter eit bra resultat i årets arrangment.

— Jarle Nes og Bjørn Morten Stokka går begge ut av styret i år, og har lang fartstid i rootsen. Dei er to av dei som er årsaka til at me framleis kan driva festivalen vidare, og nå har dei verkeleg fortent ein pust i bakken, seier Kristin Hafstad Stokka.

Les intervju med den nye rootssjefen i måndagens papiravis.