28-åring framleis sakna

Politiet har avslutta søket.


Politiet har avslutta søket etter Christian Kvamme (28) som vart meldt sakna for to veker sidan. Den Haugesund-busette mannen, som vart sist sett av familie i Ølen torsdag 26. oktober, er ikkje funnen. Lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor stadfestar at det formelle søket etter antatt omkommen person er avslutta. Store mannskap frå politi, Røde kors, Norske redningshunder og ikkje minst mange titals frivillige i Ølen-samfunnet har deltatt i leitinga. Mellom anna blir bilen som mannen disponerte, og som vart funnen på botn av Ølsfjorden ved hurtigbåtkaia, undersøkt ytterlegare. Også elektroniske spor blir gjennomgått. Politiet ser det som sannsynleg at mannen kan ha omkomme i fjorden, men utelet heller ikkje at han kan vere i live.