Fotballsesongen er over

Det vart ein heilsvart kveld resultatmessig for dei lokale laga i den 26. og siste runden av årets seriespel i 5. divisjon. Alle tre laga møtte god motstand, og ingen av laga fekk poeng denne runden. Etne hadde bortekamp mot puljevinnaren Vedvåg Karmøy. Dei gav opprykkslaget god kamp, men kunne ikkje hindre at det blei eit 5-3 tap. Det stod 2-1 til heimelaget ved pause, og Etne sine mål vart skåra av Bjørn Kjellesvik str., Sigbjørn Sævareid og Tøres Rullestad. Thomas Rullestad vikarierte for Lars Øvernes på keeperplassen.

Ølen møtte Haugar på heimebane, men det vart ikkje den kampen som heimelaget hadde håpa på. Det stod 0-4 til pause. Ølen fekk pynta litt på resultatet i andre omgang, men det enda med 2-5 til Haugar. Ølen sine mål vart sett inn av Per Johannes Formo og Oliver Vestbø.

Vats 94/Skjoldar måtte ta den lange turen til Skudeneshavn for å møte Skudenes i den siste kampen. Etter at heimelaget leia 2-1 til pause, vart det reine skåringsorgien i andre omgang. 7-3 vart det til slutt, etter at Gjert Severin Fjeldheim, Einar Nesheim Myhre og Mandius Vårvik skåra for bortelaget.

Etne enda med dette på fjerdeplass, medan Ølen havna på ein sjetteplass. Vats 94/Skjoldar vart det svakaste lokale laget med ein åttandeplass til slutt.

Vedavåg Karmøy rykkjer opp, medan Nord og Sauda må ta vegen ned i 6. divisjon.

Me oppsummerar årets fotballsesong i torsdagens papiravis.