Siri Fisketjøn Indrebø er GDE-leiar for Sauda-Suldal og Etne-Vindafjord.
FOTO: POLITIET
Siri Fisketjøn Indrebø er GDE-leiar for Sauda-Suldal og Etne-Vindafjord. FOTO: POLITIET

Sauda-lensmannen blir lokal politileiar

Siri Fisketjøn Indrebø skal leie den geografisk driftseininga Sauda-Suldal og Etne-Vindafjord i politidistriket.

— Eg ser fram imot å komme i gang med arbeidet med den nye driftseininga, seier Indrebø, som frå før er lensmann i Sauda, i ei pressemelding.

Frå 1. mars

Politimeister Hans Vik har tidlegare bestemt at eininga skal ha administrasjonsstad i Sauda. Dei nye geografiske driftseiningane blir sett i drift 1. mars 2018.

Etter interne drøftingar og forhandlingar mellom arbeidsgivar og organisasjonane er det bestemt at det skal vere fem geografiske driftseiningar i Sør-Vest politidistrikt. Politimeisteren er ifølgje pressemeldinga nøgd med at einingsleiaren i Sauda- Suldal og Etne-Vindafjord nå er avklart.

Nøgd politimeister

— Eg er veldig glad for at vi nå har fått dette på plass. Eg gratulerer Indrebø med stillinga og ønsker ho velkommen i mi leiargruppe. Vi er nå eit skritt nærmare å sette organisasjonen i Sør-Vest politidistrikt. Eg gler meg til samarbeidet, kommenterer politimester Hans Vik, som nå har tilsett fire av fem leiarar for dei geografiske driftseiningane.

Det var fire søkjarar til stillinga som GDE-leiar.

Det er frå før kjend at lensmann i Etne og Vindafjord, Ingvar Gjærde, held fram som leiar for tenesteeininga Etne-Vindafjord.