Husbrann i Nedre Vats

Alle har kome seg ut.


Naudetatane rykte ut til Stokkadalsvegen i Nedre Vats etter melding om brann i bustadhus måndag kveld. Det var full fyr i huset og flammane stod gjennom taket. Brannvesenet hadde i 19.30-tida starta sløkkjearbeidet. Sør-Vest politidistrikt opplyser at alle bebuarar skal vera ute av huset.