Frå torsdagens kontroll i Ølensvåg.
Foto: Statens vegvesen
Frå ein tidlegare kontroll i Ølensvåg. Arkivfoto: Statens vegvesen

Mange med feil og manglar

Over 2.600 køyretøy langs E134 blei torsdag sjekka ved bruk av automatisk skiltavlesing under to kontrollar i regi av Statens vegvesen, først ved Toskatjørn i Haugesund i samarbeid med politiet, og seinare på Favnabø i Ølensvåg. Totalt 105 køyretøy blei vinka inn for nærmare kontroll. Blant dei som blei stansa hadde 16 køyretøy tekniske manglar. To sjåførar blei anmeldt for manglande førarrett til å køyra med tilhengar. To køyretøy blei avskilta på grunn av manglande godkjent periodisk kontroll og eit tredje køyretøy blei avskilta på grunn av manglande omregistrering. Under kontrollane blei det også gitt åtte gebyr som følgje av at dekka hadde ulovleg minimum mønsterdjupne. Kontrollane var retta mot lettare køyretøy.